FMV signerte i går ny kontrakt på bygging av 15 x 8m arbeidskatamaran. Dette er er båt nummer 4 i rekkja av  båtar  i denne storleiken til Lerøy Vest Sjøtroll. På biletet ser me FMV 217 sitt søsterskip FMV 209 «Lunnøy». Foto: Jan Thore Josdal.

Avtalen er inngått mellom Sjøtroll Havbruk AS og FMV, og båten, FMV 217, er ein service/lokaliseringsbåt av design HFMV W-15-8 og er nr 4 i serien kalla «Josdal-klassen». 

Båten vil ha ein del forbetra ytingar i høve til sine forgjengarar. Overlevering er sett til desember 2015.