Fitjar Mekaniske Verksted overleverte sist torsdag Nybygg FMV209 LUNNØY  til Lerøy Vest. Foto: Jan Thore Josdal.

Båten  er nummer 3 i rekkja av båtar som FMV har levert til Lerøy Vest / Sjøtroll, innan havbrukssegmentet.  Båten vart ferdigstilt heilt i pakt med oppsett tidsplan.


Båt nummer 4 – FMV Bygg 210 – som er søsterskip til FMV209 er godt i veg i produksjonen og skal leverast  i slutten av februar. 

.Godt år
-2014 var eit godt år for FMV  sitt pågående arbeid mot havbruksnæringa. Vi leverte FMV206 til SalmoNor i Rørvik, og FMV208 til Marinus Aqua Service på Bømlo. Begge båtene var 15 x 12m, og er ein videreutvikling av FMV204 levert til Stava Sjø i 2013.

 Nybygg 
Vidare kontraherte Stava Sjø i november FMV sin første første «havbruksbåt» over 15 m, og dei er i gang med teikninga av deira 22 x 12 m arbeidskatamaran i «VIK» klassen.  
FMV211 blir overlevert i september i år.

 -Vi har óg kontrahert ein ny 15 x 12m arbeidskatamaran «SØRFONN»,  FMV212 til KB Dykk i Rørvik. Denne er basert på FMV206, og skal overleverast i juni, seier Jan Thore Josdal ved FMV til fitjarposten.no. Josdal har òg teke bileta til denne saka.