I går overleverte Fitjar Mekaniske Verksted Bygg FMV210, «Ospøy», til Lerøy Vest Sjøtroll Havbruk.

Dette var ein månad før kontrahert leveringstid. «Ospøy» er søsterskipet til FMV209 «Lunnøy», som blei overteke av Lerøy Vest Sjøtroll i januar. Båten er ein service-/lokaliseringsbåt til havbruk, i den såkalla «Josdal»-klassen.

Båten fekk ein frisk start, då han blei henta heim til operasjonsområdet ein dag med frisk vind, noko som går fram av bileta.

 

19. februar i år kontraherte Fitjar Mekaniske Verksted Bygg 217 med Lerøy Vest Sjøtroll. Denne vil få fleire forbetringar i forhold til dei første, skriv Jan Thore Josdal i ein mail til Fitjarposten.

Fleire opplysningar om den nye kontraheringa og om kunden Sjøtroll Havbruk står å lesa på heimesida til Fitjar Mekaniske Verksted.

Alle bilete: Jan Thore Josdal, FMV.