Grunna dårleg inneklima i brakkebygget på Rimbareid barne- og ungdomsskule, der 2a og 2b har hatt sine klasserom, vart det bestemt at klassane skal flyttast i påvente av nybygg/rehabelitering. Mange foreldre til elevar i 2. klasse møtte opp til dugnad for å hjelpa til med flyttejobben.

Dei to klasseromma og dei to garderobane i brakkebygget skulle tømmast for alt undervisningsmateriell, møblar datautstyr m.m. 2a skal inn i det som har vore 7b sitt rom i 2. etasje på barneskulen. Her var rommet tømt på førehand, og det var berre for kontaktlærar Kari Fjugstad Giske å seia korleis ho ville ha det, så var foreldra i gang med å henta ting frå brakka og få alt på plass. 7b skal no inn i ungdomsskulebygget. 2b skal frå no av ha biblioteket på ungdomsskulen som sitt rom. Her var det ein del utstyr som måtte ut først, men bøkene skal bli. Det mangla garderobe her, og det måtte ordnast. Her blir det trangt og intimt, seier kontaktlærar Liv Mari Koløen. Det var vanskeleg å få plass til 19 pultar, men med 6 pultar tett i tett på kvar rekkja vart det plass til alle dersom den innerste set seg først. Bak blandt bokreolane vart det plass til ein lyttekrok, og det set ein småskulelærar pris på, sjølv om ho og kunne ynskja seg ein vask. Me får nytta godt dei godene me har her; data, god nettilgong, bøker og video, konkluderer Liv Mari. Berre de ikkje brukar opp tv-tida før ungane kjem heim, så, skyt foreldra inn. Det var ellers mange blide og nøgde fjes å sjå, og slik me opplevde det stilte dei med glede opp på denne dugnaden og var svært glade for at ungane no har fått undervisningslokale med betre inneklima.