– Ei flytebrygge vart tidlegare i dag funnen på rek i Gloppevågen i Fitjar. Politiet tok då kontakt med Fitjar brannvesen som tok hand om bryggja, fortel fitjarlensmann Svein Lunde til fitjarposten.no.

Truleg har flytebryggja, som er av betong, slite seg. – Flytebryggja er no fortøydd i Årskog, fortel Johan Nilsen i Fitjar brannvesen.

Om nokon kjenner att bryggja, eller har nærare opplysingar, kan dei kontakte lensmann Svein Lunde i Fitjar på mobil: 971 59 009.