Samanliknar ein karaktersnittet for 10. klassingane som gjekk ut av ungdomsskulen i fjor, er Rimbareid skule på Fitjar nr. 2 i Hordaland og nummer 20 mellom alle dei 428 skulane i landet.

Landsgjennomsnittet for 10. klassingane i fjor var på 40,0 poeng. Rimbareid skule hadde ein gjennomsnitt på 43,1.

Skulen gjorde det bra også i 2012. Då vart det ein 29. plass på Rimbareid i landssamanheng. Men altså endå betre i 2013.

Fitjar kan altså ikkje berre gle seg over ny skule, men òg over flinke elevar.

Les meir på sunnhordland.no.