Påskemøta på Fitjar bedehus i år, har eit skikkeleg gjennomført opplegg, som gjer dei spennande, og vel tilrettelagde, for både store og små.

Det starta i går, Skjærtorsdag, då ein laga til langbord med servering av suppe og brytebrød for å minnest Jesu siste måltid, og det fortsette i dag med ein spesiell krossvandring der dei tilstadeverande kunne ta med seg ein stein og eit lys fram til ein kross framme i salen, og slik symbolsk få leggje frå seg syndebøra ved krossen, og få Guds lys innover livet sitt.

Under talen fekk barna sitje ved eit eige bord og fargeleggje motiv som det var tala om frå talarstolen, noko dei såg ut til å kosa seg med.

Talar på møta er forkynnar og misjonær Asbjørn Vegge.

Møta held fram heilt til 2. påskedag.

Laurdag kl. 18.00 vert det misjonstime der Vegge syner lysbilete frå Kenya, og det vert song av "the Vestbostad family", husorkester, forsongarar og "laurdagsmat" etter møtet.

Påskedag vert det lovsongskveld kl. 19.30 med husorkester og forsongarar, og det heile vert avslutta 2. påskedag til same tid. Då vert det mellom anna song av  Nils Hageberg.