Bente Antun Schønberg oppfordrar oss til å skrive litt om storbasaren på sjukeheimen sist veke.

Me har tidlegare nemnt  at fitjarbuen likar å gå på basarar. Når det skjer (forresten nokså ofte), sit pengane laust. Rundt 70.000 kroner kom det inn på sjukeheimen, eit kjempeflott resultat.

Bente understrekar også alle dei flotte gevinstane. Ei fornøgd bestemor har fortalt om ein gevinst ho vann: baby-born-dokke med full garderobe av heimelaga kle, noko som fall i god smak hos barnebarna.

Dei som arbeider på sjukeheimen gjer ein stor innsats med å skaffe gevinstar, og mykje av det har dei laga sjølve. Ja, det er dei tilsette som tek ansvar for heile basaren kvart år. Som vanleg vart det servert kaffi og kaker til dei frammøtte, og både dei og bebuarane hadde ein hyggjeleg ettermiddag i lag med tilsette.

Basar-innkoma er viktig for trivselstiltak ved sjukeheimen, både inne og ute. Me nemner blant anna den flotte hagen som er lett å leggje merke til. Midlar frå tidlegare basarar var med og finansierte den.

Alle som går i bresjen for sjukeheimsbasaren fortener stor ros!