På lista over gjennomsnittskarakterar for avgangselevane i grunnskulen våren 2007, ligg Fitjar på ein sterk 29. plass mellom alle skulane i Noreg.

Fitjarelevane hadde eit gjennomsnitt på 42,2 poeng, medan gjennomsnittet for Hordaland låg på 39,9 poeng.

Landsgjennomsnittet var på 38,5 poeng.  Heilt på topp finn me Roan kommune i Sør-Trøndelag, som hadde ein poengsum på heile 46,9 poeng. Stord hadde 38,9 poeng.

Les meir i papirutgåva av "Sunnhordland" for i dag.