I denne veka startar bringebærsesongen.

Åtte ungdommar frå bygda og to vaksne er klar til å plukke bringebær på Prestbø. Det er om lag ei veke seinare enn i fjor, og skuldast lågare temperatur. I tre store tunellar står det 1700 buskar fulle av bringebær som mognast litt etter kvart. Vanlegvis vert halve feltet plukka kvar dag, men viss det vert veldig varmt, må ein ta heile. Dei første plukkarane begynnar kl 05.00, og arbeidet må vere ferdig på føremiddagen. Bæra skal leverast til kundane så fort som råd. Jostein Presbø fortel at han har avtale med alle Sparbutikkane på Stord-øya, deriblant Larsen her i bygda. Fitjarbuen kan elles ta turen til Prestbø og kjøpe bringebæra sjølve. Jostein formidlar sal av dagferske jordbær frå Tysnes. To bærdyrkarar møtest på kaien og byttar vare og sel for kvarandre. Også på Husnes er det og sal av bringebær frå Fitjar.

Jostein seier at det er gode utsikter til veldig god og fin avling. Buskane bognar av bær som mognast litt etter litt, og sesongen vil nok vare fem til seks veker. Bringebærsorten heiter Glen Ample, og denne har blitt ein stor suksess i norsk hagebruksproduksjon, kan ein lese på nettsida til Sagaplant. Sorten kom på den norske marknaden i 2001, og sidan då har omsetnaden av norske bringebær til frisk-konsum auka frå ti til nærare tusen tonn på årsbasis.

Jostein snakkar om fin avling og då vil me leggje til at heile plantefeltet ser fint og innbydande ut. Mellom kvar bringebærrad er det plen som vert slegen to gonger i veka. Som nemnd tidlegare står buskane under tak i tre store tunellar. Bæra vert ikkje våte eller skada om det blir mykje regn og vind. Ein kan nemne at bærbuskane verte vatna og gjødsla automatisk gjennom slangar som er gravne ned i jorda.

Alt ligg til rette for førsteklasses bringebær. Det vert og lagt stor vekt på god handhygiene blant plukkarane både ute og inne. Flaska med Antibak står klar på kvar tralle. Overskotsbær vert frosne ned og brukt til saft og syltetøy. Denne produksjonen føregår i Sveio, og så kjem varene attende til Prestbø og Jostein formidlar salet.