I september 1963 vart 50 ungdommar konfirmert i Fitjar kyrkje. I helga var 30 av dei samla til 50-års-konfirmantfest.

Jostein Sandvik, ein av 50-årskonfirmantane, fortalte i kyrkja i dag at dei hadde konfirmanttimane om sommaren, nokre timar kvar onsdag. Prest den gongen var Einar Tuvin.

Seks av konfirmantkullet frå den gongen er døde, og folk reiste seg i kyrkja mens namna deira vart lesne opp.

50-årskonfirmantane samla seg allereie laurdag kveld, og det heile vart avslutta med middag på Fitjar Fjordhotell etter gudstenesta i dag.