Mange hadde tatt turen laurdag kveld for å høyra flott musikk og song frå Fitjar Musikklag.

Laurdag kveld var det duka for konsert med Fitjar Musikklag. Med dirigent Per Olav Paulsen i spissen vart me leia gjennom ei flott oppleving med musikk og song. Ole Andre` Westerheim, Rannveig H. Leseth og Harald Rydland var kveldens solistar, noko som gjorde konserten endå meir imponerande.

På førehand kunne publikum sjølv senda inn ynskje, og det var mange gode forslag som vart sende inn. Noko av det vi fekk høyra lørdagskveld var Bohemian Rapsody (Queen), Circle of life (Løvenes konge) og I dreamed a dream (Les Miserables). Det var også nokre sjølvvalte songar frå musikklaget. Musikklaget og solistane imponerte stort!

På vegen ut av konsertsalen var det berre gode ord å høyra. – Fantastisk flott!