Fitjarjenta Signe Kvalsvik Rydland, fekk ein flott debut som assistentdomar i  VM-kvalifiseringskampen i fotball mellom Wales og Belgia, sist søndag.

Det heile starta med at Norges Fotballforbund tok kontakt.

– Eg fekk rett og slett ein telefon frå Forbundet om eg kunne stilla, noko eg syntest var svært kjekt. Men noko av det første eg tenkte var at då måtte eg ordna meg fri frå studia, seier Signe som er i gang med 3. året på tannlegestudiet på ”Odontologien” i Bergen. Her er alt obligatorisk, så det er ikkje berre  å ta fri.

Vitamininnsprøyting
-Men førelesaren syntest òg dette var spennande, sa det gjekk bra, seier Signe smilande, vel vitande om at det ho ikkje fekk med seg då ho var vekke, må takast igjen. Ho ser likevel på oppdraget som ein sterk vitamininnsprøyting til vidare satsing som fotballdomar.

-Me vart mottekne på ein fantastisk god måte. Eigne folk  var sette til å leggja alt rette for oss på beste måte, og det var ei super ramme rundt heile kampen. Ein domarobservatør var til stades. Han virka nøgd han òg, så då har eg ikkje grunn til anna enn å vera glad for denne sjansen, strålar Signe og  fortel at fleste kampane ho skal døme får ho vita om i god tid på førehand.

– Men dei mest spennande kampane kjem kjapt, understrekar ho, og let oss forstå at ho ikkje har noko imot fleire slike telefonar frå Forbundet.

–Eg har òg ei nettverksgruppe rundt meg som stør meg og prøver å puffa meg i rett retning, legg ho til, før ho sluttar av med å snakka om rekruttering.

-Det er gode mogelegheiter for jenter som vil satsa, seier ho.

Idrettslaget følgde opp.
Roald Nilsen i Fitjar Idrettslag har undervist dei fleste som har teke domarkurs i Fitjar Idrettslag dei siste tiåra. Også Signe. På  mange måtar kan det seiast at han har vore ein mentor for ho vidare i karrieren òg.  Saman med far til Signe, Kjetil Rydland, tok han difor turen til Bridge Meadow Stadium i Haverfordwest i Wales, som Fitjar Idrettslag sin representant. Og både han og Kjetil var svært nøgd med fitjarjenta.

–Ho var roleg, hadde eit tydeleg kroppsspråk og klarte seg svært fint, skryt dei.
–Sjølvsagt er eg stolt, men det er mest gøy, seier Kjetil Rydland.

Dei to fekk elles med seg ein spontan kommentar frå ein publikummar etter at hovuddomaren hadde lagt til tre minutt og Belgia skåra når det berre var 4 sekund igjen av tilleggstida, og såleis vann VM-kvalik-kampen med 1-0:

 – I´m not saying that women should not play fotball, but referee? No way!“