Ikkje berre det nye faget sjanti, men og ukulele stod som på timeplanen til elevane i fjerde klasse ved Rimbareid skule denne veka. Elevane var lærenemme og fekk til flott samspel allereie den første timen.

Ukulele-undervisinga er ein del av samarbeidsprosjektet som skulen har saman med kulturskulen for å styrkja den kulturelle kompetansen til elevane.

Medan ei gruppe 4. klassingar song sjanti i naborommet fekk ei anna gruppe 4. klassingar for første gong prøva seg på strengeinstrumentet ukulele. Etter 30 minutt skifta gruppene og slik fekk alle med seg ukuleleundervising denne torsdag føremiddagen.

Gitarlærar i kulturskulen, Jonas Selås Olsen hadde pakka ut eit stort lass med flunkande nye ukulelar slik at alle elevane fekk låna kvar sitt instrument. Utan ein einaste instruks, berre med ein god modell framfor klassen, var dei i sving og herma etter Jonas. Det låt flott og samstemte frå første stund.  Elevane var svært lydhøyre og sat i djup konsentrasjon gjennom heile den halve timen som undervisinga varte. Tre grep og to ulike songar vart øvd inn. Fader Jakob vart spelt i både i c-dur og g-dur, og alle var med på Springsteen-låta «Pay me my money down» sjølv om ingen fjerde klassingar hadde høyrt den songen før.

-Kjempekjekt med ukulele!, var elevane sin samtsemte kommentar etterpå. 
-Men neste gong skal eg klippa neglene mine endå litt kortare, då blir det sikkert litt lettare, meinte ein jente frå 4b.
-Sjå her, eg har spelt så hardt at eg har fått sår på fingeren, synte ein gut frå 4a.  

Mange av elevane sa dei ynskjer seg ukulele til jul og nokre fortalde at dei allereie hadde skaffa seg ei slik at dei og kan spela heime. På spørsmål om det var vanskeleg eller lett var dei raske med svaret: «Midt imellom!». 

Eg må sei meg einige med lærarane som uttrykkjer stor glede og takksemd for at 9-åringane får dette tilbodet. Det var flott å oppleva den imponerande innsatsen deira og å høyra kva dei fekk lært i løpet av kort tid. Eg kjenner eg gler med til å høyra dei på konsert når dei skal opptre med det dei har lært denne hausten.