Søndagsskulen og Indremisjonen i Øvrebygda har dei siste åra arrangert utflukt i slutten av mai. Denne gongen vart det på førehand innleia samarbeid med søndagsskuleleiarane på Huglo. Dei hadde laga sporleik og stelt i stand grillplassar. Samlinga begynte med andakt, song og musikk. Borna fekk utdelt diplomar for godt frammøte på søndagsskulen i vinter. Små og store kosa seg med ulike aktivitetar og grilling i det nydelege veret.

Det var bra frammøte, og huglafolk og øvrebygdarar sette pris på å treffast.