Fitjar IL har hatt ein gjeng staute 14- og 15-åringar på tur til Telemark og Bø Sommarland Cup denne helga.

Fredag morgon sette ni gutar frå Fitjar seg i lånt minibuss med Jo Kjetil Strand bak rattet. Med som leiarar var trenar Jan Salamon Hopperstad og tre ivrige foreldre. Målet var Bø Sommarland Cup i Telemark, ein kompakt handballcup i ei bygd med mange aktivitetstilbod i tillegg til handballkampane.

Foreldra som tok turen til Bø, fortel om ein strålande tur med ein fantastisk flott gjeng gutar på 14 og 15 år. Laurdag var det tre kampar, som enda med tap trass i godt spel av Fitjar-gutane. Både arrangørklubben Skarphedin og Hei stilte med reine 15-årslag. I den første kampen blei det to skadar på laget. Dermed kunne dei ikkje risikera fleire skadar på spelarane i dei neste kampane. Dei skadde blei godt pleia og var klare igjen til siste kamp. Også kampane søndag enda med tap, den eine mot eit 14-årslag og den andre mot eit reint 15-årslag.

Før og etter kampane kosa både spelarar og leiarar seg i badeland i det strålade sommarvêret. Lagleiarane fortel at Bø Sommarland Cup er ein godt organisert cup. Alle kampane blir avvikla i den store Telemarkshallen, der det er plass til seks banar. Gutane sov i klasserom på Bø ungdomsskule, og ingen hadde problem med søvnen etter så mykje handball og bading.

Dei vaksne som var med til Telemark, fortel om ein kjekk gjeng gutar som det ikkje er problem å ha med seg på tur. – Dette gir meirsmak, seier fornøgde foreldre til Fitjarposten.