Gråvêr og sipregn hindra ikkje at 8B ved Rimbareid Skule fekk ein strålande flott tur med Seladon tidlegare i dag.
Sikta var heller ikkje god, noko som krov ekstra konsentrasjon på utkikken, men elevane meistra dette òg svært godt. Elles heiste dei segl og fekk med seg nyttig båt-teori og knutekunnskapar av Terje Skorpen og Einar Matre.
Brukbart med vind var det òg. Sjølv utan storseglet oppe kom ein opp i heile 4,8 knop.
Etter å ha fått med seg den flotte maritime utstillinga på Bekkjarviktorget med Einar Matre som guide, bar det tilbake til Fitjar. No i mykje lettare vêr.
I morgon er 8a klar for den same turen.