Hallo alle kjente i Fitjar sokneråd sin barnehage !

I slutten av juli var me på ferietur i campingvogna til besto borti Telemark. Me var på Norsjø ferieland, der er det kjekt kan de tru.

Ein dag det var litt overskya, fekk me besøk av eit svanepar utanfor campingvogna. Dei var ikkje redd for oss, men den største, som er hannen, laga nokre stygge lydar, så det var best å passa seg litt. Dei kan nemleg bita.Fortsett god sommar til alle.

Helsing Stig Andrè Maraas og Kim Arild Johansen