Øvrebygda skule held fast på tradisjonen med å arrangere kveldaseta i oktober. Då er små og store velkomne til kafe`og loddsal.

Øvrebygda skule held fast på tradisjonen med å arrangere kveldaseta i oktober. Då er små og store velkomne til kafe`og loddsal.
Ei slik samling har til føremål å samla inn pengar til TV-aksjonen, som denne gongen set fokus på dei fattigaste kvinnene i verda. Dei skal få hjelp til til ei betre framtid med tanke på inntekt, helse og utdanning.
I går ettermiddag var gymsalen full av born og og vaksne som verkeleg opna pengeveskene for å gi til ei god sak. Rektor Sigbjørn Aarland fortel at dei fekk inn 24812 kr, noko som er ny rekord. Kaffi, saft og kaker gjekk unna medan elevane selde årar og folk fekk høve til å prate med kvarandre.
Ein av elevane i 5. klasse ønskte alle velkomne. Elevane frå 1. – 7. klasse gledde forsamlinga med frisk song og musikk. Dei framførte bl.a. to songar frå songspelet Jakten på sjølvtilliten. Fire jenter var med som forsongarar.
Alle på skulen fortener stor takk for innsatsen. Innbyggjarane i Øvrebygda set pris på å bli inviterte til kveldaseta.