Mange foreldre, søsken, besteforeldre, venner, politikarar og andre interesserte hadde kome for å høyra på kulturskulen sin sommarkonsert i kveld. Og det var mykje flott å høyra!

Elevane stod å trippa før konserten. Nokre litt smånervøse, andre ikkje. Dei hadde pynta seg i fine sommarkle, og skulekorpset innvia sine nye t-shorter på konserten. Kulturskulerektor Anne Lene Ø. Jordåen ønskte velkomen med å lesa Lille Idas sommervise av Astrid Lindgren. Seinare vart denne songen framførd flott og leikande på piano av Guro Rimmereid.

Men først var det skulekorpset sin tur, med sin dirigent Svein Roger Koppang. Dei førebur seg på sommartur til Kristiansand, og spelte noko av det stoffet dei skal spela i ein konkurranse der. Som under tidlegare konsertar er Easy Pop Suite ein sikker publikumsfavoritt som det svinger av, og som alle dei ulike instrumentgruppene får vist seg fram i.

Det var mange pianoelevar som deltok på konserten. For 3 av dei yngste, Elisabeth Westerheim, Jacob Mehammer og Marte Rimmereid var det første gong dei opptrådde i kultursalen og første gong dei spelte på eit skikkeleg flygel. Dei spelte svært bra og verka ikkje nervøse. Det var fleire grupper som spelte fleirhendig piano. Vilde Raunholm Kjelling, Åse Underhaug og Marie M. Oma imponerte med 6 hender på pianoet samstundes i ein flott versjon av Tåke, måne, vind. Irene Marås og Sunniva M. Oma spelte 4-hendig piano og framførde Norsk dans nr 2 av Edvard Grieg. Stykket er mest kjend som kjenningsmelodien til Norge rundt, og dei som har sett noten og forstår seg på pianospeling forstår at det ligg mange års læring og mykje øving bak å kunne framføra dette stykke på den framragande måten desse jentene klarde.

Både Tommy R. Johnsen og Jedrek Rutkowski får gitarundervising av Kjell Saue. Tommy spelte flott, og klarde seg fint åleine, på Norwegian Wood av John Lennon. Jedrek imponerte med fantastisk fingerspel, i samspel med læraren, på Argentinsk dans.

Saue har og fleire songelevar som deltok under konserten. Tone M. Hatlevik song reint og fint Think Twice av Celine Dion. Johanne F. Brekke og Audun A. Mehammer leverte som vanleg flotte framføringar, og i dei øyeblikka dei vågde løfta blikket for å få  kontakt med publikum så løfta songen seg endå nokre hakk.

Konserten vart avlsutta med Fitjar musikklag som gjesteartistar. Dei spelte to songar: Any dream will do og Burobenga.

Under heile konserten vart det vist fram flotte sommarbilete på skjermen bak artistane.

Så var konserten over. Me sakna dansegruppa som måtte melda avbud pga sjukdom, aspirantane i skulekorpset og fleire av elevane. Konserten vart gjort unna på ein times tid, men me kunne gjerne sete lenger og høyrd på fleire.

Me har mange unge, flinke musikkutøvarar som bygda vår kan vera stolt over. Alle var vel verd all applausen dei fekk, og det var mange lovord å høyra frå publikum og lærarar etter  konserten. Mange ynskte å takka alle som gav oss slik flott sommarstemning, gjennom ord og tonar!

Kulturskulen er ikkje slutt endå. Undervisinga fortset fram til skulane tar sommarferie.