Utanfor kjellarleileghetane i Havnahuset treffer me ein mann som er glad i blomar.

Leif Hovstad har mange blomar i beda sine. Svart, fin mold ligg på toppen og det er ikkje lett å få auga på ugras her, nei. Litt hjelp må nok til når blomane skal stellast, for Leif er ein aldrande mann og han treng ei krykkje når han skal gå. Leif peikar på ulike planter og spør om eg har slike i min hage.

Denne oktoberdagen er det solsikka som fangar oppmerksomheten. Leif fortel om frøet som vart sådd i vår, og no trur han at planta sikkert er to meter høg. Ho må ha fått godt stell og ettersyn, elles hadde ho vel brotna i uveret som var forrige veke.

Leif og dei andre som bur i kjellarleileghetane har fint utsyn mot sentrum og utover sjøen. Terrasse med sitjeplassar gjer det triveleg; – her trivest eg, seier Leif, og ønskjer seg varmare ver til neste sommar. Med krykkja peikar han mot eit blomsterhav på plenen. Oppi ein gammal, avdanka båt veks eit vell av fine blomar. Viss me har forstått Leif rett, skal nok dei tilsette ha æra av dette.