Fredag 8.januar hadde 7.klasse ved Rimbareid skule skeisedag på Varhaugsmyro.

Fredag 8.januar hadde 7.klasse ved Rimbareid skule skeisedag på Varhaugsmyro.Fleire stod på skeiser for aller første gong, medan andre var meir rutinerte og lærde villig i frå seg det dei kunne.  Den tradisjonelle matpakken vart bytta ut med grilla pølser, kakao, kakemenn og anna tursnadder.  Etter matpausen var det tid for ishocheykamp mellom gutane og jentene.  Imponerande å sjå korleis dei klarte å spela hockey for første gong.  Det er ikkje så lett som det ser ut til på TV!  Elevane fekk også gå ein runde på tid.  Det var stor innsats under kappløpet og mange ville gå fleire gongar for å forbetre tida si!  Medan nokon spelte ishockey, kosta og måka nokre 7.klassingar og lærar Ellen heile isen fri for snø!  Ein kjempejobb som vil gleda alle brukarane av isen!

Tusen takk til 7.klasse for ein strålande dag på isen!   De er ein flott gjeng!