Med to noregsmeistrar og tre nye med svart belte, kan Fitjar Shotokan Karateklubb sjå tilbake på ein mykje god sesong. I går hadde dei sesongavslutning i Breiavikjo. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjarposten har skrive om både noregsmeistrane, og dei tre som fekk svart belte før. Men vi tek gjerne opp att namna.

Både Morten Korsvik og Rebecca Koløen gjekk til topps i NM – og dei som fekk svart belte var Terje Hillestad, Trond Strand og Anne Berntsen. Frå før har òg leiar Sukhwinder Koløen svart belte, no er han gradert til 3. Sandan.

Koløen kan elles fortelje at dei har 40 medlemer i klubben og at medlemstalet er aukande. Til hausten skal dei ha nybyrjarkurs på Øvrebygda skule for born, ungdom og vaksne.

-Me har fått fleire vaksne, og familiar, med i det siste. I staden for at foreldre berre står og ser på, har dei blitt med på treninga sjølv – og trenar då saman med andre vaksne, smiler Sukhwinder.

-Karate passar for alle, og hos oss kan du trene frå du er 7 år og oppover, legg han til.

Foto: Håkon C. Hartvedt

Under avslutninga i går var dei storheldige med vêret, og ei frå den yngre garde testa òg vatnet.