-I dag har vi hatt en flott friluftsgudstjeneste ved Svartvatnet, i samarbeid med turlaget. Heldigvis blei det også fint vèr med sol og blå himmel, fortel kyrkjelydsprest Nobu til fitjarposten.no

-Harald Rydland spela trekkspill, og Tom Rydland song den flotte sangen ” Den blomstertid nå kommer med lyst og glede stor” som postludium, og Nobu tala om evig liv ut ifrå preiketeksten.

Ellen Vestbøstad hadde planlagt mykje før gudstjenesta, og rundt 100 personar vart med til fjells.

Etter gudstjenesten åt me nista. Og nokon av oss gjekk vidare på en tur opp til Beinatjønnsvarden. Det var ein flott tur.

Frå toppen kunne me nyte ei gigantisk utsikt over Fitjarøyane. Me synest  at me ”fitjarbuar” er heldige som  bur i ein så flott kommune som Fitjar!, seier Nobu, til slutt.