Wärtsilä Ships Design Norway AS på Fitjar har fått i oppdrag å teikna eit indisk forskningsskip.

Oppdraget har dei fått frå Geological Survey of India GSI), og kontrakten går  på design og tilsyn av byggjearbeidet på eit moderne oseanografisk forskningsfartøy. Kontrakten vart signert i oktober og designarbeidet skal altså utførast på Wärtsilä Ship Design sitt kontor på Fitjar.

– Det nye fartøyet er det tredje av sitt slag som Wärtsilä designer for India, seier Arne Stenersen, direktør for Wärtsilä Ship Design Norway AS. -Det første, Sagar Nidhi, er allereie i teneste, og opererast av NIOT,  Indias Nasjonale institutt for havteknologi. 

Det er forventa at skipet delta på forskningsarbeid i det indiske hav og Antarktisk. Sindhu Sadhana, det andre fartøyet, er for tida under bygging, heiter det i ei pressemelding frå Wärtsilä.