-Frå 25. juli til 2. august var det 4H-landsleir i Austrått i Sør Trøndelag. –Me hadde fantastiske dagar i Sør Trøndelag med masse fint vêr, fortel Gunn Maraas, som var med på leiren, til fitjarposten.no

Vidare fortel ho at det var aktivitetar heile veka. Mellom anna underhaldning, og diverse turar til Trondheim. Så som tur til Pirbadet, bytur, klatring og meire til. Ei flott oppleving med mange kjekke konsertar, og nye venar.
-Bussturen til Sør Trøndelag tok om lag 14 – 15 trøytte timar, men det gjekk vel mest i soving !, fortel Gunn Maraas, til slutt.