Det var mykje flott og variert musikk å høyra under kulturskulen sin første foajekonsert i år.

Både heilt ferske elevar og elevar som har vore med i kulturskulen i mange år deltok på konserten, og det var med på å gjera konserten både variert og spennande. For første gong på lenge deltok og mange grupper frå skulekorpset. I tillegg til messinginstrument gjekk det i fiolin, gitar og piano. 

Etter å ha spelt fiolin i mindre enn to månader opna Kaia Grimen og Johannes M. Oma konserten med ein flott rockelåt, stødig og fint spelt. Seinare fekk me høyra den meir rutinerte fiolinisten Eirin M. Oma spela Haren uti gresset. 

På piano fekk me og høyra elevar på ulike nivå. Den yngste av desse var Andreas Vestbøstad som framførde Hunden min. Vidare fekk me høyra Sofie Rimmereid spela Fjellkatring, Miriam Træet spela Vuggevise, Marte Rimmereid spelte det melodiøse stykket Den tornefulle og Rea Mitrovic spelte The black pearl. Den mest erfarne pianisten av dei alle, Guro Rimmereid, framførde det flotte Debussy-stykket Doctor Gradus ad Parnassum.

Ole Andre Stokken har spelt gitar i litt over eit år og fortalde etterpå at dette var hans første konsert. Konsertdebutanten syntes det var kjekt å opptre, og så hadde han og ei svært flott framføring av Let it be saman med gitarlærar Jonas Selås Olsen. 

Det var svært kjekt å høyra korpsmusikantane i mindre samspelgrupper. Ensembelgruppa med Helga J. Raunholm, Judith E. Hageberg og Jacob Mehammer på trombone, Vegard Aarbø på baryton og Oda Rydland på euphonium var eit nytt og spennande innslag. Althorn-duoen Silje Rydland og June Volden spelte ein fengande shanty. Neste althorn-duo bestod av Alice Rose Mehammer og Liva Hanna J. Raunholm som skapte Abba-stemning med sin Super truper. Eline F. Hjelle på trombone og Thea Træet på tenor spelte ein fin voggesong og tuba-duoen Anette S. Drønen og Kristian Prestbø spelte ein flott rockelåt. To kornettgrupper framførde og flotte messingtonar før konserten vart avslutta med eit svært spennande samspel mellom det minste og det største instrumentet i korpset. Aslaug Ottestad på ess-kornett og Kristian Prestbø på ess-bass viste med si flotte framføring av Pink panter at dei store og dei og små og passar godt saman.

Neste kulturskulekonsert vert i kultursalen torsdag 29. november, og då får ein sjå og høyra endå fleire av kulturskulen sine mange elevar. 

Alle musikarane fekk ein velfortent sjokolade etter konserten.