Interesserte elevar, lærarar, bygdefolk og folk frå Hordaland fylke var til stades ved ei presentabel og spennande opning av Rimsvarden i føremiddag.

Elevar frå 1. til 4.klasse song både Fitjarsongen, No livnar det i lundar og Jeg gikk en tur på stien, leia av Ingvild Brekke Myhre, og dei song godt! Knut Rimbareid kunne fortelja at bestefar hans hadde funne den vidgjetne bronseøksa i ei myr nokre hundre meter sør for Rimsvarden, og held elles eit interessant føredrag der han nemnde den fint laga steinkista som vart funnen i røysa med ei urne med oske, og mellom anna ein dolk og eit sverd, inni. Han fortalte òg at plassen har fått namn etter kong Rim som vart gravlagt der. Så levande fortalde Rimbereid at elevane i 8B som hadde samfunnsfagstimen sin på haugen, kunne fortelja att det meste når dei kom ned att  i klasserommet.

Tore Bjørgo frå Hordaland Fylkeskommune gratulerte med nyopninga og gav skryt til både grunneigarar, dugnadsfolk og kommunen for arbeidet som vart gjort. -No vonar eg at de òg vil ta vare på, og tilretteleggja, dei andre kulturminna i Fitjar òg, sa han.

Sjølve snorklippinga stod ordførar Harald Rydland for godt hjulpen av Mads Mikal Skumsnes Drønen og Karen L. Hjelmen Grimen.