– Det var veldig bra. Flott å få informasjon om skulane og aktuelle bedrifter her på øya. Det var skikkeleg lærerikt, seier niandeklassingane Solveig og Malene etter miniutdanningsmessa i Kulturhuset i går.

– Me fekk mykje god informasjon og lærte litt om korleis dei har det på dei forskjellige plassane. Flott at me kan ha ei eiga utdanningsmesse her på Fitjar, legg jentene til.

Me snakka med Solveig Liarbø og Malene Larsen Lussand, som begge går i 9A på Rimbareid skule, dagen derpå. Solveig likte best å høyra om restaurant- og matfag og Fitjar vgs, mens Malene, som tenkjer seg inn på allmenn, lånte øyre og auge mest til Stord vgs. Begge var dei fornøgde med det dei fekk vita om skulane.

– No er ein del av dette opplegget at ein ønskjer at de skal koma tilbake og butsetja dykk i Fitjar når de er ferdig med utdanninga dykkar. Trur de at de kjem til å gjera det?

– Ja, absolutt, kjem det kjapt frå Solveig. Eg vil vera her.

Malene er litt meir usikker. – Får sjå kva som skjer når eg kjem så langt, svarar ho.

Men glade for info-en var dei begge to, og dei meiner at det er representativt for dei fleste elevane som var der, sjølv om ikkje alle var interessert i det same som dei.

For tredje gong

Liknande arrangement har vorte halde to gonger før, og har vorte godt motteke.

Elevane i 9. og 10. klasse vert invitert saman med foreldra. Vidaregåande skular og ein del lokale verksemder er og inviterte og vil vera med, fortel ordførar og styremedlem i Fitjar Næringsråd, Harald Rydland, som òg var godt fornøgd med opplegget i går.

– Når rundt 150 lærarar, elevar og foreldre kjem, er det grunn til å gle seg, og det gjer at me truleg vil halde fram med dette arrangementet, sier han til fitjarposten.no.

– Programmet for kvelden var delt i to, der det først vart felles program i kultursalen. Her snakka direktør Lars Eide frå Aker Stord med ungdommane om tema rundt utdanning og yrkesval. I tillegg fortalde Johannes Olsen om jobben sin som lærar, og Vigdis Tislevoll og Dag Foseid om helse og sosial. Til slutt hadde assisterande rektor ved Fitjar vgs, Turid Bjordal, ein appell.

Andre delen av programmet var sett av til matøkt og myldring, der elevar og foreldre fekk snakka med representantar for vidaregåande skular og lokale verksemder, slik mellom anna Solveig og Malene gjorde.