Under eit knirkefritt arrangement i Fitjar laurdag ettermiddag gjekk desse Fitjar-ungdommane vidare til fylkesmønstringa i Grieghallen 12. og 13 april: Karina Raunholm, Johanne Fangel Brekke og Ole André Westerheim, som opptredde saman med Inghild Fjell Helleland frå Kvinnherad. Karina Raunholm stilte ut 11 bilde, fotografi, komputergrafikk og fotocollage. Til liks med i fjor og gjekk ho vidare til fylkesmønstringa i Bergen, denne gongen med fotografiet "My dreams of violence". Johanne Fangel Brekke framførte med stor innleving Sting-låten "Fields of Gold", og fekk velfortent Bergens-tur som lønn. Ole André Westerheim har gått vidare i UKM før, og det var ikkje overraskande at han nådde opp i år og. I dag framførte han "Georgia on my mind" og God bless the child" saman med Inghild Fjell Helleland frå Dimmelsvik.

Me synest også dei andre deltakarane frå Fitjar fortener heiderleg omtale, og meir til. Audun Arthur Mehammer song "All by myself" og "You raise me up", og Siri Eidsnes framførte "Creep" og What's up. Dessverre nådde dei ikkje heilt opp denne gongen.

Av deltakarar frå dei andre kommunane har me lyst å nemna friske og scenevante rockemusikarar frå Bømlo, som opptredde med mykje god eigenkomponert rock. Me synest også 12-åringen Tore Hodneland frå Tysnes imponerte på gitaren sin.

I sin kommentar sa juryen at dei var imponerte over mangfaldet og nivået på innslaga i årets UKM-mønstring i Fitjar. Den viser at det gror godt i kulturlivet i Sunnhordland. Det er ikkje vanskeleg å seia seg einig i dette.

Alt i alt eit flott arrangement som gjekk knirkefritt. Kultursjef Elise Aarbø seier seg svært nøgd med mønstringa. Kulturhuset viste seg godt eigna til eit slikt arrangement. Men det kunne gjerne ha komme meir publikum.