5.kl. si framføring av Kardemommeby var ei strålende kjekk oppleving som både elevar og lærarar har all ære av. Her er Hanna i rolla som Kamomilla. Ei rolle ho meistra svært så bra. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dei var der heile gjengen. Politimeister Bastian og fru Bastian, tante Sofie, pølsemakaren, bakaren, kjøpmann Berg, trikkeførar Syvertsen, barberer Sørensen, røvarane, Tommy og Kamomilla, Tobias i tårnet – og løva, papegøyen og den talande kamel.

Men det var meir enn det. Som nye element hadde ein baka inn både rap, dans og sjørøvarar. Veldig bra synest me, det krasja slett ikkje med stykket elles. Snarare vert imot.

Flott var det óg med singback, med musikken som liksom høyrer til Kardemommeby, og kulissane var supre. Både trikken, den talande kamelen og tårnet var svært kreativt kome på. Ros skal òg sminkegjengen ha. Lyd og lys var òg bra.

Og så var det heile på fitjarmål. Signe Lunestad oversette songane til bygdemålet for mange år sidan. Med litt tilpassing til dagens fitjardialekt, fungerte det heile svært bra.

I det heile: -Godt jobba!

Tante Sofie (Sarah) og røvarane (Jakob, Ida Marie og Simon). Flotte prestasjonar av alle fire. Foto: Håkon C. Hartvedt

Papegøyen blir berga frå det brennande tårnet.  Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein svært koseleg og rolletru Barberer Sørensen (Vilde) spelar for røvarane som er begynt å bli både høflege og snille. Foto: Håkon C. Hartvedt

Frå koret. Foto: Håkon C. Hartvedt 

 Sjørøvarar. (Eirik, Markus, Ståle, Joakim S.) Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Bastian (Linnea), trikkeførar Syvertsen (Mia) og skomakar Pedersen (Sander) synte at dei òg kan syngje bra. Sander slo i tillegg til med ein kjempebra rap. Foto: Håkon C. Hartvedt