Fitjar var godt representert under karatestemnet i Bergen i går, og kom heim med mange medaljar.

Heile 15 utøvarar frå Fitjar Karate Senter var søndag på JKA Junior-Cup i Fyllingsdalen. Det totale deltakartalet i stemnet var 214. Dette var rekord i oppslutnad generelt, og rekordmange frå Fitjar.

Fitjar Karate Senter hausta til saman 17 medaljar, 3 gull, 6 sølv og 8 bronse. Flotte prestasjonar i fleire av aldersgruppene og i belteklassane. Det er verdt å nemna spesielt at Stian Larsen, Jonas Froland, Victoria Maraas og Aleksandra Maraas fekk med seg heim til saman 7 medaljar i ei gruppe med 42 utøvarar. Det vart kåra vinnarar i belteklassane i kata (mønster) og kumite (kamp).

Engevik & Tislevoll stilte igjen bilar til disposisjon. Utøvarane har trent ekstra i det siste og fleire skal til NM i mars.