Gutelaget spelte ein flott seriekamp mot Åsane i går ettermiddag og vann til slutt heile 28 – 19.

Eit relativt talrikt publikum fekk sjå gutane til Fitjar IL dominera kampen mot Åsane. Og nimålssigeren til heimelaget var fullt fortent. På Fitjar blei Fredrik Skjerve Jensen toppscorar med ni mål. Både han og den solide keeperen Ingvar Rafdal er på utlån frå Stord, men dei lokale gutane våre stod ikkje mykje til atters for frendane sine frå andre sida av kommunegrensa. Særleg likte me Vegard Hareide, som scora sju mål.

Det er heilt klart at Fitjar og trenar Bengt Monry Olsen har fått fram eit jamt og godt lag. Det skal bli spanande å følgja dei vidare.

Fitjar sitt lag (scoringar i parentes)

Ingvar Rafdal
Fredrik Skjerve Jensen (9)
Jan Salamon Hopperstad (3)
Joachim H. Vestbøstad (3)
Robert Reigstad
Sondre N. Aarland (1)
Adrian Torvund (1)
Ole Martin Spissøy (1)
Aadne Nesbø
Eirik Larsen (3)
Emil Fitjar
Arnstein Andersen
Vegard Harteide (7)

Tabell og terminliste kan me lesa her: