Jubileumsboka «Fitjar 150 år» er eit spennande stykke lokalhistorisk arbeid som bør vera å finna i alle heimar der det bur fitjarbuar. For «Fitjar 150 år» er blitt ein flott bok, noko me berre kan understreka etter å ha lese alle dei rundt 350 sidene. Her er det mykje spennande fitjarhistorie eg ikkje hadde høyrt om før, både med omsyn til naturgrunnlag, historie, kommunale forhold som skule, helse og kyrkje, kommunikasjonar, kvardagsliv og kultur.

Eit imponerande arbeid av boknemnda, ikkje minst om ein tek i betraktning at nemnda fekk etter måten svært kort tid på seg til å fullføra dette prosjektet. Fleire av skribentane var i fullt arbeid i tillegg til å jobba med dette.

I starten snakka dei om ein bok på rundt 200 sider, så vart det altså 350 i eit format som er større enn A4.

Likevel kan ikkje ei slik bok gi seg ut for å vera fullstendig. Det gjer ho heller ikkje. Det må bli med smakebitar, ikkje minst innan næringsliv og kultur.

Så kan det vera ymse meininger om kva for utval ein vel å ta med. Andre hadde gjerne prioritert annleis. Slikt må ein berre respektera.

Boka innheld vidare eit rikt biletmateriale. Rett nok er mange av bileta svært små. Men vi kan sjå dei, og så har me tru på at når dei først er leita fram, kan dei nyttast i mange andre samanhengar òg.

Likevel, og alt i alt: Fitjar 150 år bør vera å finna i alle heimar der fitjarbuar bur. Ho er rett og slett identitetsskapande.