På siste eldretreffet i Øvrebygda bedehus dukka det opp ei overrasking. Martin Nygård hadde med seg ei gåve til Serine Hatlevik.  Han sa at ho fortener ein stor takk for vask og rulling av dei kvite bedehusdukane i meir enn 20 år.

Det kom og fram at Serine hadde hatt ansvar for stell av dåpskjolen som Bondekvinnelaget leigde ut. Dette begynte ho med før 1980. Me kan vel trygt seie at det er lov å la andre overta stell av dukane når ein har fylt 90 år. Men, kven vil ha den jobben tru?