Jentelaget, stolte representantar for Fitjar i Norway Cup. Foto: Privat.

Dei tre laga frå Fitjar kan alle vera stolte over innsatsen i årets Norway Cup, og aller mest jentene, som nesten nådde semifinalen i A-sluttspelet.

I går var det slutt for spelarane våre som har vore i Oslo og gjort ære på Fitjar denne veka. Fitjargutane i klassen 15/16 år tapte i går ettermiddag semifinalen i B-sluttspelet med 0-4 for Oppsal IF, og dermed var det over og ut for alle Fitjar-laga i Norway Cup for denne gongen.

Gutar 15/16 føre kvartfinalen mot Furuset. Foto: Privat.

Gutane i 14/14-årsklassen rauk ut av B-sluttspelet for Dombås onsdag ettermiddag. Klart best gjekk det med jentene, i 15/16-årsklassen. Dei gjekk lenge frå siger til siger, etter å ha dominert dei fleste kampane dei deltok i. Det blei puljesiger i innleiinga, med sigrar over Bagn, Larsnes og Skeid.

Dermed gjekk dei rett til åttedelsfinalen i A-sluttspelet, mot Lyn. Den gjekk av stabelen onsdag kveld, og jentene vann så klart som 3-0. Men i gårsdagens kvartfinalen mot Clausenengen, klubben til Ole Gunnar Solskjær, blei det bom stopp.

Laget frå Kristiansund vann heile 3-0, men våre jenter har ingen ting å skjemmast over. I går kveld gjekk nordmøringane til finalen, med heile 7-1 i semifinalen. Dette skulle vel visa at Fitjar har jenter heilt i toppklasse.

Lagleiar Anne Helene Vestbøstad fortel at i dag er det fridag og litt shopping før dei skal ha felles kvelds med alle tre laga på Peppes pizza i kveld. Og i morgen kjem dei heim att med tog over fjellet.

Me gratulerer med innsatsen i årets Norway Cup. Spelarane fortener ros for god fotball og mykje spenning. Skryt fortener også trenarar, foreldre og støtteapparat som har vore i Oslo og markert seg på ein positiv måte. Vel blåst!

Gutar 13/14 taper 0-1 for tyske JFV Harlingerland i puljespelet. Foto: Privat.
- Annonse -