Ein god, gammal tradisjon samla full gymsal i går kveld og innsatsen var ekstra stor denne hausten.

Rektor Sigbjørn Aarland fortalde om nokre elevar på Helland som hadde stått ved vegen og seld mat, teikningar og småting for 660 kroner. I ein åker på Rydland har elevar plukka og seld poteter for 3600 kroner. Båe desse summane er med i sluttresultatet, 34.744 kroner, som vert levert til TV-aksjonen til Kirkens Nødhjelp. Dette er ny rekord.                          

Elevane ved Øvrebygda skule innleidde Kveldaseta med frisk song både på engelsk og norsk, etter at Victoria først hadde ønskt alle velkomne. Ordførar Wenche Tislevoll sa litt om den landsomfattande Tv-aksjonen og så takka ho skulen for eit flott tiltak som i år blir gjennomført for 28. gong. Elevane skiftest om å selje mat, diverse elevproduserte varer, poteter og årer. Dei frammøtte kosa seg med kaffi, kaker og ein god drøs mens åresal og trekking føregjekk. Foreldre hjelpte til der det trongst og lærarane hadde sine faste oppgåver, slik det plar vere på Kveldaseta. Elevar og tilsette på skulen har hatt det travelt på førehand, og dei fekk løn for strevet med eit vellukka arrangement til gagn for dei mange i verda som ikkje kan skru på vass-krana for å få reint vatn.

I ein av brosjyrane frå Kirkens Nødhjelp les me at pengane frå den landsomfattande TV-aksjonen skal gi varig tilgang på reint vatn til ein million menneske. For to hundre kroner kan eitt menneske få reint vatn for resten av livet.

Mange bygdefolk  var med og støtta innsamlinga på Øvrebygda skule, og me er visse på at dei også gir ein god sum når bøsseberarar bankar på døra komande søndag.      

Ingressbilete ved Turid Sandvik: Julian, Tuva og Isabel i arbeid på tippestasjonen.