Fitjar sin lovande gutespelar, Øyvind Fykse, var den einaste frå Sunnhordland som vart teken ut til Regionsturneringa i fotball mellom Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, i helga. Og han kom vel i frå det.

-Regionsturneringa, som er ei årviss turnering der Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland møtest til dyst, vart avvikla i Vestlandshallen fredag til sundag. Nytt av året er aldersfordelinga på uttaket. Kretslaget har tidligare vore samansett av reine årsklassar, medan det i år bestod av heile tre årskull, 93, 94 og 95. Dette er i samsvar med nye retningslinjer fra fotballforbundet, for å spissa satsinga endå meir, fortel Ketil Fykse til Fitjarposten.no

-Hordaland opna mot Sogn & Fjordane på fredagen. Det var klasseforskjel mellom laga, og Hordaland vann komfortabelt 5-0. Laurdagen var det ei treningsøkt og sosiale aktivitetar for Hordaland, medan Rogaland vann 7-0 over Sogn & Fjordane.

I sundagens kamp mellom Hordaland og Rogaland var det og klasseforskjel på laga, denne gongen i Rogaland sin favør. Rogaland vann 5-0, opplyser Ketil vidare. Og han kan gle seg over at sonen, Øyvind, var mellom dei som fekk mest speletid.

-I pinsehelga skal Hordaland revansjera tapet for Rogaland. Då skal eit lag samansett av 94 og 95 årgangane møtast til kamp på Bremnes, seier Ketil Fykse, til slutt.