Kristian Vestbøstad og 11 andre fitjarungdommar viste flott innsats under friidrettsstemnet på Stord fredag kveld. Foto: Dan H. Torbjørnsen.

Dei 12 utøvarane frå Fitjar gav verkeleg trenarane mykje å vere nøgde med på det nye innandørsdekket på Vikahaugane i går kveld, fortel Bård Inge Bø til Fitjarposten.

For å ta dei yngste først, viste Bjart (8) og Johannes Sandvik Bø (9) og Kristian Vestbøstad (9) flotte takter på 60 meter og i lengde med tilløp. Johannes sette klar ny personleg rekord på sprinten med 10,48, Kristian fekk fine 11,51 i sin stemnedebut, medan Bjart også viste stor framgang med 12,97. I lengde med tilløp strekte Johannes Sandvik Bø seg til 3,22 meter, og Kristian Vestbøstad til 2,37 meter. Johannes hoppa også høgde med tilløp, og svinga seg over 0,90 meter, litt bak persen.

Av dei litt eldre gutane skrella Eirik Torbjørnsen (10) nesten 8 tidelar av 60 meter-persen sin. 10,82 lyder den nye bestetida hans på. Bror Marius (12) var ikkje snauare då han sprengte 10-sekundsgrensa med 9.93. Han viste samstundes at «uslåelege» Julian Aasheim frå Stord får stadig mindre forsprang. I lengde sette Eirik pers med 3,18, medan Marius var like bak si bestenotering med 3,43 meter. I høgde fekk Eirik 0,85 meter.

Hos jentene betra Mari Fitjar Hjelle (10) persen sin i kule frå 3,71 til flotte 4,04. 28 cm forbetring også i lengde, der ho fekk opp eit hopp på 2,30 meter. I klassen jenter 11 år fekk Anna Sandvik Bø tre persar på sine tre øvingar. Ho gjekk heilt til topps i høgde med sterke 1,20 meter, 2.-plass i lengde med 3,23 og 3.-plass på 60 meter med 10,37 etter ein litt dårleg start. Mia Volden var ikkje dårlegare med suveren siger i kule og klar pers på 5,72 m. På 60 meter kom ho på plassen bak Anna. Forbetringa til 11,12 er på over ei halvt sek!

I jenter 12 år hoppa Natalie Steien heile 3,83 i lengde. Klar personleg rekord og flott 2.-plass i den tøffe klassen. Debutant Klara Wohlrab viste i sine første lengdehopp at potensialet er utvilsamt med 3,52 meter. Eline Fitjar Hjelle klinka til med siger i kule i same årsklasse. 6,83 er berre 6 cm bak pers.

Dagens raskaste fitjarbu var igjen Natalie. 60m på 9,69 er knallsterkt, men ho måtte likevel sjå seg slått av Ida Neset frå Stord, som freste inn til 9,22! Klara og Eline som vanlegvis er heilt på høgde på klubbveninna, kom denne gongen litt bak med høvesvis 10,15 og 10,31. Likevel klare personlege bestenoteringar. Klara tok i tillegg ein flott førsteplass i høgde med 1,15m.

Trenar Bård Inge Bø er såleis ein strålande fornøgd mann i dag – bortsett frå han sjølv sette alle deltakarane frå Fitjar personlege rekordar!


Anna Sandvik Bø (11) vann høgde med 1,20; her går ho lett over 1,15. Foto: Dan H. Torbjørnsen.