Fitjarposten har nytta den fine februarlaurdagen til å sjekka snøforholda i fjellet.

Og me kan slå fast at forholda var heilt eventyrlege. Rett nok måtte be bera skiene mesteparten av vegen opp til Olstjødno. Men derfrå og opp til Grønafjedlet er er det absolutt brukbart skiføre.

På veg opp til Olstjødno møtte me dagens eldstemann, 92-årige Lidvald Stubhaug. Elles møtte me svært lite folk denne strålande dagen i fjellet. Men til gjengjeld kunne me nyta freden i fulle drag. Heilt vindstille var det; ikkje ein lyd å høyra nokon stad!

Over Svartavatnet er det fint skiføre; litt tyngre frå Kjeringjo og opp til Mosavatnet. Men på Mosavatnet, Grønafjellet og Mosavassheiane er det heilt strålande! Reine påskestemninga var det i dag, og meir enn nok snø om ein berre ser seg ut dei beste traseane.

Skal ein nyta Fitjarfjellet på ski, må ein altså ta umaken med å bera skiene eit stykke. Men fitjarposten sin utsende meiner han fekk godt betalt for strevet. Om vêret held seg, bør fitjarbuen kjenna si besøkelsestid og komma seg ut og oppleva fjellet frå si aller beste side. Og det er ikkje nødvendig å ta med ski; heilt opp til Mosavatnet går det fint å gå til fots i skikkelege sko.