I helga var Ingve Andre Strand og Håvard Helland på plass i Nord Østredal og kjørte 4.NM runde i crosskart 650 ccm.

Med på turen hadde me far sjølv, Martin Strand, (fungerte og som kokk), og i tillegg hadde Jan Ove Strand tatt turen på motorsykkel opp for å heie fram dei lokale heltane.

Etter knallhard kjøring på laurdagen var Håvard klar for pole-posision i B-finalen, men brot i ei leidning førte til at han så vidt drog starten før det vart full stopp.

I søndagens NM runde i sprint kom Håvard på 6.plass, i det som skulle vise seg og bli eit tett og fint løp. Med små marginar.

Ingve Andre hadde nokre dårlege startar i innleiande runder, men etter heftig kjøring, tidvis på to hjul i svingene, så starta han frå 5.startspor i A-finalen. Dvs tredje rad.

650 finalen blei uhyre spennande, og ikke minst dramatisk, då tre kartar hamna rett i autovernet i første sving. Der kom Ingve andre ut som nummer tre, men klarte å klatre til andre plass to rundar før mål, etter ei forbikjøring som eigentleg ikkje skulle gå an, og haldt den plassen inn til mål.

Dermed vart det 2.plass til Ingve Andre på laurdagen. Ei plassering han er nøgd med etter ein krevjande dag på banen.

I søndagens NM runde i sprint (bakkeløp der dei kjører ein og ein på tid), greide Ingve å kapre 2.plassen der òg.
Ingver Andre ligg no på delt 2.plass i NM samandraget, etter at alle førarane har stroke eitt løp.  Siste løp kan dei ikkje stryke, og det gjer 5.og siste runde i NM ekstremt spennande.

Det skil fortsett berre 3 poeng mellom dei tre første plassane, og dette gjer det spesielt spennande på Gjøvik der det faktisk nærmast blir slik at den av dei, som kommer først i mål, tar gullet.

Neste og siste NM runde går på Krabyskogen motorbane i regi av NAF Motorsport Gjøvik, laurdag 6 september.

Me i teamet håpar at mange Fitjarfolk tar turen saman med oss den helga, og heiar teamet fram til gull i årets NM. Dersom de treng info om overnatting og slikt, så er det berre til å kontakte Sigurd Andre Maraas, Martin Strand eller Ingve Andrè Strand.

Me ser fram til den siste runden der alt blir avgjort i årets NM i crosskart 650ccm.