Tre musikklag synte i Kultursalen i går at dei er klare for Siddis i helga. Siddis er eit uoffisielt NM for brassband, og går av stabelen i Stavanger.

Fitjar Musikklag skal spela i 4. divisjon, Tysnes i 3. divisjon og Sagvåg Musikklag i 2. divisjon. Under konserten i går kveld fekk me òg høyra banda i denne rekkjefølgja.

Fitjar Musikklag med dirigent Torbjørn Røssland synte presist og godt spel, og me trur dei vil klare seg særs godt i helga. Dei sytte òg for eit plettfritt arrangement i Kultursalen i går.

Tysnes Musikklag må seiast å vere det korpset som sjarmerte oss mest. Både på grunn av den sprudlande dirigenten Ingmund Nikolaisen, ein strålande kornettsolo av Camilla Sjøvold og, ikkje minst, av den unge perkusjonisten, Henrik Epland, som hadde full kontroll på dei ymse perkusjonsinnslaga. Imponerande.

Sagvåg musikklag fekk verkeleg vist kva dei kunne i ein ellevill salsa med «lead-gruppe» framfor orkesteret. Og det siste nummeret «Roar» sat som eit skot.

Alt i alt ein svært triveleg musikkveld som varma i haustmørkret.