Ein liten flokk fitjarutøvarar beit godt frå seg på innandørsstemnet på Vikahaugane måndag 28.12.

Dei seks deltakarane, som deltok i høgde- og lengde med tilløp samt 60m, sette personlege rekordar på løpande band.

Tone Brakedal(11år) feia all motstand til side og gjekk heilt til topps på 60m(9,84) og i høgde med tilløp(1,20m). Særleg resultatet i høgde er ein svært sterk prestasjon. I lengde vart ho, med 3,64m, så vidt slått av Jorunn Martinsen(3,73m) frå Laksevåg.

Thea Vestbøstad(11år) følgte godt opp med 3.plassar på 60m(10,69) og i lengde(3,20m). I høgde enda ho på 4.plass med 0,90m.

Andreas Vik(11år) gjekk også heilt til topps på både 60m(11,07) i lengde(3,15) og i høgde(1,05).

Ådne Vik(12år) strekte seg også over 3m i lengde for første gong(3,05m). I høgde gjorde han det litt spanande undervegs, med nokre riv, men svinga seg til slutt elegant over fine 1,15m.

Markus Vik(10år) sprang inn til 3.plass på 60m(12,23) og hoppa 0,90m høgde, som heldt til same plassering. I lengde heldt 2,18m til 2.plass.

Til slutt fekk trenar Bård Inge Bø(32,5) vere med i høgde, og hoppa 1,80m.