Litt få varmegrader og regn skulle vise seg å ikkje hindre dei talentfulle atletane i å sette fleire personlege rekordar.

Igjen viser Tone Sandtorv Brakedal (14) at ho også i år vert å rekne med i den ypparste landstoppen i si årsklasse. 8.26, og utandørs pers på 60m, under dei rådende tilhøva er svært bra! I lengde bomma ho jamt over med ein liten halvmeter på planken, så 5-metershoppa vart denne gongen målt til 4,61 som best. 8,89m i kule så å seie utan trening i øvinga, viser at styrken i lemmer og lår er som den skal vere.

Brørne Torbjørnsen, med Marius (10) og Eirik (8) som førenamn, gjorde heller ikkje skam på mellomnamnet sitt, Vågen. Mors- og farsarven ser ut til å vere intakt, så truleg vert det fleire som får studere ryggane deira på langsprint og mellomdistanse i åra som kjem. Marius med 11,57 på 60m og 2,95 i lengde, Eirik med 12,55 og 2,60 i same øvingane. Eirik støytte i tillegg kula 2,34m.

Stine Nilsen og Eline Fitjar Hjelle (begge 10) debuterte i stemnesamanheng med flott innsats, og personlege rekordar som truleg vert ytterlegare forbetra utover i sesongen. Eline fekk fine 5,24m i kule og hoppa 2,00m i lengde. Stine presterte høvesvis 4,18 og 2,20 i det same.

Vilde Vestbøstad (12) synte med 10,86 på 60m at ho førebels er den som, av jentene, er nærast Tone i sprint. I kule fekk ho opp 6,39m og i lengde 3,14 i sine beste omgangar.

Søster Linnea Vestbøstad konkurrerte i same klasse som Anna Sandvik Bø (9). Linnea fekk 2,62 i lengde, Anna 2,83. På 60m var dei så like at sjølv klokka ikkje kunne skilje dei: 11,56 på begge!

Joakim Malkenes Fitjar viste igjen gnistrande kampvilje. 10,65 på 60m var utilnærmeleg i rekruttklassa (under 10 år, utan at dei treng rangerast for mykje). Svært habilt også i kule med 5,05 og i lengde med 2,56.

Dei aller yngste rekruttane Johannes (7) og Bjart Sandvik Bø (5) deltok også i lengde og på 60m, og gjorde ein fin figur!

Dei 11 fitjarutøvarane på fredagens seriestemne utgjorde omlag halvparten av det totale deltakarantalet.