-Det som imponerte mest var at dei klarte å få fram bodskapen om venskap på ein slik måte at det rørte meg, seier Tom Rydland, etter  "That what friends are for" , framført av Fitjar Tensing i Kultursalen i kveld.

Og frå dei mange 9. klassingane som var til stades, og kjende seg att i problemstillinga i stykket, lød det: -Stilig førestilling!

Underteikna skal elles vere varsam med å vurdere det som vart servert. Det er eg for inhabil til, denne gongen.

Men at publikum fylte rundt 2/3 av salen, og at ungdommane fekk stormande applaus, svært gode ord og blomar frå dagleg leiar ved Kulturkontoret, Elise Aarbø, er gode fakta som me vel å ta med.

Dirigent for koret er Ann-Sofie Drønen. Ho var ikkje berre primus motor for heile opplegget, men òg manusforfattar i lag med ungdomane. Det er ingen overdriving å seie at utan ho hadde det ikkje blitt nokon førestilling.

Bandet bestod av Audun Arthur Mehammer på piano, Svein Harald Liarbø på sologitar/fill-in`og Belinda Nesbjørg på trommer, med litt assistanse av Olav J. Oma på el.rytmegitar og Håkon C. Hartvedt på bass.