– Fitjarstølane barnehage har denne månaden trafikk som tema, då passa det fint at blå og grøn gruppe på Gaukareiret markerte «Refleksdagen» 16.oktober.

Det er Mona Kristin Tufteland som fortel dette til fitjarposten.no.

Og ho fortel vidare:

Blå gruppe hadde ei lita samling om refleks før dei gjekk ut for å læra om kva side dei skal gå på om det ikkje er fortau/sykkel- og gangveg. Dei fekk refleksvestar på seg for å vera godt synlege i trafikken. For å gjere det lettare for borna å vite kva side dei skal gå på, fekk dei kvar sitt refleksband på venstre arm. Dei fokuserte òg på korleis dei skal krysse vegen.

Grøn gruppe hadde samling om refleksbruk. Dei fekk høyra ei refleksforteljing og ein reflekssong før dei laga plakat med bilete av ulike refleks.

Alle borna på Gaukareiret fekk med seg heim refleksvest eller refleksband denne dagen, skriv Tufteland til slutt.

Ho har òg sendt oss bileta nedanfor.

F refleks 3

F refleks 1