8. klassane ved Rimbareid ungdomsskule hadde ein flott tur til Kyrkjevatnet på fredag. Strålande ver og elevar med godt humør, gjorde turen til ei positiv oppleving for alle som var med. Ved Kyrkjevatnet gjekk drøsen livleg over pølsebål og nistemat. Lærarane hadde ei meining: Kjempekjekk gjeng å ha med på tur!”