Mange i frå Fitjar gjorde det svært bra på Ungdommens Kulturmønstring på Stord i helga, og fleire gjekk vidare til fylkesmønstringa som finn stad i Peer Gynt-salen i Bergen 14.-15. april.

Fitjar fekk med både songarar, dansarar og musikarar vidare, og god innsats meldast òg om dei som ikkje gjekk til fylkesfinalen.

Desse skal vera med i Bergen:

Kunst: Andrea Rygg Nøttveit, Karina Raunholm og Signe Rydland.

Dans: Gruppa "Flyt"

Musikk: Siri Eidnes (song) og Marita K. Westrerheim  (song med eige gitarkomp.)

- Annonse -