Fotballaget Fitjar G-11 reiste fredag til Etne for å vera med på Etne-cup i helga. 

– Sjølv om første kampen mot Kalandseid endte med tap 2-3, var det god stemning i laget, fortel Bente Fitjar, og fortset:

– Diskotek og VM-kamp på storskjerm gjorde at kvelden før kampane på laurdag gjekk fort. Då var Vigrestad første motstandar. Her fekk Fitjar ein knepen siger 4-3 mot gode jærbuar. Etne var nok heimefavorittar, men måtte sjå tapet i auga etter at resultatet vart 7-4 til Fitjar. Spørs om gutane tok ut alt tidleg den dagen, for «lokal-oppgjeret» laurdag endte 4-0 til Solid over Fitjar.

Laurdag kveld var det diskotek igjen, og denne kvelden var det og skum-party til slutt.

Sundag var batteria lada att, og Fitjar vann 4-3 over Djerv 1919.

Det var 10 fornøgde gutar som kom heim sundag ettermiddag!
– Dette er ein gjeng som me veldig gjerne kan reisa på tur med att, dei er positive, sjølvstendige og til å lita på. Og ikkje minst – dei er gode til å spela fotball!, sluttar Bente Fitjar.

– Til slutt ein stor takk til oppmann og lagleiar Jostein Prestbø for engasjementet rundt gutane våre! legg ho til.