Friidrettsgjengen i Fitjar tok ikkje lange juleferien. Den 27.12.08 var åtte aktive og tre trenarar på Stord og prøvde seg mot den ypparste Hordalandseliten innandørs.

På 60m hevda særleg Johannes Myhre seg godt då han freste inn til tida 10,57 og første plass i 10-årsklassen. «Kengurugutten» Sander Haukefær Thomassen var også klart raskaste niårige gutt med tida 10,96. Oda Rydland sprang inn til ein flott 2.plass i ni-årsklassen med 10,84. Sjur Rydland hadde skarp konkuranse i  11-årsklassen og fekk 4.plass med den sterke tida 10,37. Elles fekk Truls Fitjar tida 9,95(14 år), Ådne Vik 11,83(12 år) og Markus Vik 13,35(8år).
 
I høgdesprang med tilløp fekk både Sander(1,10m i 9 årsklassen), Ådne(1,05 i 10 års klassen) og Oda(0,95m i ni årsklassen) meir poeng etter Tyrvingtabellen enn trenar Bård Inge Bø som hoppa 1,85m i seniorklassen. Oda vart knepent slått av Helene Austnes frå FRI, men fekk ein flott andreplass. Dei andre vann sine øvingar klart.
 
I kule revansjerte Oda seg frå høgdekonkuransen. Ved å slengde den 2 kg tunge kula 6,03m avgarde, var ho tre cm føre kastsluggaren frå FRI. Sander var berre ein cm bak(6,02m) i guteklassen, og Johannes Myhre støytte same kula 6,16m i tiårsklassen.
 
Lengde med tilløp:
Dei allsidige niåringane Oda og Sander vann også her øvingane sine greit. Oda fekk 3,21m, medan Sander hoppa 3,03m. Sjur Rydland satsa, flaug og såg ikkje ut til å ville lande i 11 års klassen, iallfall ikkje før han hadde floge 3,58m. Dette heldt til 2.plass.

Johannes Myhre fekk også andre plass i 10 årsklassen(3,14m), følgt av Ådne Vik(2,88m). Eldstemann Truls Fitjar(14 år) hoppa lengst av alle Fitjar sine utøvarar med 3,89m, og yngstemann Markus Vik fekk til eit hopp på 2,39m.